Vår arbeidsmodell

skjermbilde-2018-05-03-kl-12-01-59.png

Kvifor jobbar vi ikkje i Måløy alle 6,5 vekene?

Vår arbeidsmodell er ein versjon av design thinking-metoda. Det fins fleire måtar å beskrive den på, men ein fin måte å forklare den på er i tre fasar som ein trippel-diamant <><><>

Den fyrste fasa kallar vi innsiktsfasen. Her går vi bredt ut og setter oss nøye inn problemstillinga, kunden, trendar, turistfaget og alt som kan vere relevant for prosjektet, før vi spissar dei viktigaste mønstera inn til det vi kallar for nøkkelinnsikter. I vårt tilfelle reiser vi då fyrst ein tur til Måløy-regionen for å forstå kva omverden turistprosjektet står i, kva som er bra, kva som er for dårlig, kva planer som ligger i næraste framtid, muligheiter, og ikkje minst kva vi kan lære av ulike aktørar som er der i dag og aktørar i nærleiken. Vi har då snakka med alt frå mannen i gata, mindre aktørar som driv fyr, camping eller havrafting på sommaren til større aktørar som Knutholmen, Hotell Alexandra osv. Vi har også arrangert ein stor workshop med 50 reiselivsaktørar og interesserte i Vågsøy. For å forstå marknaden har vi snakka med representantar frå dei to destinasjonsselskapa i området med Visit Nordfjord i Stryn og eit styremedlem for Visit Fjordkysten i Bremanger.

Etter å ha vore 1,5 veker i Måløy-området og jobba knallhardt for å forstå mest mogleg av situasjonen lokalt, er vi no tilbake til Oslo for å spisse desse innsiktene inn til nøkkelinnsikter. Samtidig tar vi no kontakt med ulike ekspertar for å forstå heilheten bedre og sjå turismen i Måløy og regionen rundt i eit større perspektiv. Turistar kjem frå mange ulike stadar i verden og som samfunnsøkonom så har eg jo lært at alt henger saman med alt. Det er derfor viktig at vi kjem oss vekk frå Måløy og får sett ting utanfrå. Vi skal no kontakta kompetansebærarar som NHO-reiseliv, Innovasjon Norge, Visit Norway i tillegg til å sjå kva som har blitt gjort andre stadar både i Norge og verden. Vi vil lære av dei beste! Så spissar vi også det viktigste herifrå inn til nøkkelinnsikter vi tar med oss vidare.

Den andre fasen kallar vi idéfasen. Her går vi som i innsiktsfasen bredt ut. Vi kjem til å kaste alle mulige slags idear på bordet, vi kjem til å ta inspirasjonsturar, kjøre rollespill og bruke ulike kreative verktøy. Vi vil visualisere, teikne og skrive om ulike konsept ein kan skape i Måløy-området. Når vi har fått nok idear til konsept på bordet, startar vi å spisse inn dei konseptene vi anser som mest passande og realistiske. Dei skal då svare til mønstera (nøkkelinnsiktene) vi fann i innsiktsfasen. Vi har heile vegen kommunikasjon med våre 2 veiledarar, ein på strategi og konsept, og ein på opplevelsar og menneskelege prosessar.

Den tredje fasen kallar vi test og gjennomføringsfasen. Etter nokre veker i Oslo reiser vi igjen vestover. Vår andre reise til Måløy kjem 21. mai og vil gå litt inn i både fase to og tre. Vi setter i saman konseptene til ein strategi og vil i tredje fase teste ut strategien på ekspertar innen faget, teste eit par konsept «på gata» lokalt i området og på turistar. Basert på tilbakemeldingane her og i Oslo vil vi gjere nødvendige justeringar før vi leverer alt til Måløy Vekst. Gjennomføringsfasen startar når strategien blir satt ut i live.

EMERGENCE_MODELL_KUNDEVERSJON-kopi

Dette er altså ei kort forklaring på korleis vi jobbar. Måten ein deler opp dei ulike fasene i lengde og innhold varierer etter behova i ulike prosjekt. Den er derfor alltid tilpassa nøye rundt oppgåva og heile prosjektet vil dreie seg rundt kunden sine behov. Kunden i dette tilfelle vil då vere Måløy Vekst og behovene vil gå på korleis ei ny turistsatsing kan ta form og realiserast. Det er stor forskjell på kva folk seier dei gjer og kva dei faktisk gjer. Vi jobbar derfor meir kvalitativt i møte med folk enn kvantitativt. Målet er at det vi leverar skal vere av stor kvalitet, vere gjennomtenkt og gjennomtesta, og at Måløy Vekst og Vågsøy-samfunnet føler eigarskap til det. Vi håper folk vil fortsette å spre ordet om det viktige arbeidet vårt, engasjere seg og bidra til at dette prosjektet skal vere startskotet for noko som vil skape ny vekst, nye tilbod, nye arbeidsplassar og framtidstru i kystsamfunnet vårt.

– Martin Hagen